top of page

DANIEL KVAMMEN

I Daniel Kvammen sitt musikalske univers møter bygda, byen, og tenåringsangsten den store kjærleiken - både den store, lykkelege varianten, men også det underfundige, ulykkelege og ettertenksame. Som om Lars Winnerbäck eller Håkan Hellstrøm reinkarnerte ein plass innerst i bygdenorge, som nokon så fint ei gong sa det.

Kvammen har spelt konsertar på alt frå landets største festivalar til ein mykje omtalt hytte-turné på Hardangervidda. Frå Gaustadtoppen til Rockefeller. Ulike format, men alltid samme tilstedeværelse for eit stadig veksande publikum. 

Kvammens låtar har vist seg like sterke, enten dei fremførast med fullt band, nedstrippet triovariant eller fremført av den folkekjære artisten åleine. Dei siste årene har Daniel både gjeve ut albumet "Guta som gret" og «Absolutt Klining». 

«Guta som gret» er ei skive som leverte ikkje mindre enn seks radiosinglar og draumesamarbeid med både Gabrielle, Aslag Haugen fra Hellbillies og Amanda Bergman fra Amason. På «Absolutt klining» samla Kvammen mykje frå sin allereie store låtkatalog i eit mer akustisk format. I 2024 kan ein live forvente ei god rekkje hits frå hele Daniels karriere.

Screenshot+2022-10-04+at+11.19.41+AM.png
bottom of page