KRUTTRØYK
Kruttrøyk har levert norsk countryrock på dialekt sidan starten av 2000-talet. Etter å i årevis ha besøkt dei store countryfestivalane og konsertscenene i landet, tok bandet nokre års pause, men sadlar no opp for nye sirkusrundar. Etter tre albumutgjevingar og 15 millionar strøymingar på digitale plattformer er bandet klare for å turnere igjen!
I comebacket gav bandet ut to nye låtar som har blitt å høyre på spelelister landet rundt, og i 2026 skal Kruttrøyk turnere vårt langstrakte land med sin festglade countrymusikk.
Bandet har sidan starten i 2000 gitt ut tre album og delteke på ei rekkje samlealbum innan countryrock og dans med låtane sine.
I perioden då NRK Dansefot var på sitt mest populære på TV-skjermen, hadde Kruttrøyk fleire låtar som surra og gjekk jamt og trutt etter å ha blitt stemt fram av sitt trufaste publikum. Med andre ord er Kruttrøyk eit populært band som har knytt til seg ein god fanskare gjennom lang og tru teneste på scena!
