top of page

LUCKY LIPS

Lucky Lips debuterte allereie i 2010 og var essensielle i å sparke i gang «nordicana-bølgja» som har skylt over landet vårt i over eit tiår.

​

Lenge før ein snakka om ei bølgje av ny norsk americana, før Beyoncé hadde gjort country hipt, og lenge før «nordicana» var blitt eit omgrep, fanst Lucky Lips. Dei trødde støvlane sine rundt i Oslo by og spelte overalt der folk ville ha dei. Dei spelte på countryfestivalar og bluegrassjams. Dei kom til finalen i Melodi Grand Prix, vann europameisterskapet i bluegrass og spelte på Americanafest i Nashville. Dei køyrde på, gjorde si eiga greie og gav seg aldri, sjølv då country var omtrent det minst trendy ein kunne drive med.

​

Lucky Lips var bandet der Malin Pettersen sparka i gang sin musikalske karriere – hennar musikalske familie. No er familien samla igjen og klare med si første utgjeving sidan 2016. Fronta av Pettersen – som ikkje treng noko vidare introduksjon – har Lucky Lips vore ein konstant tilstadeverande del av Oslos countryscene dei siste 15+ åra. Dei starta som eit bluegrassband, men inkorporerte raskt element frå andre nærliggande sjangrar: old time, honky tonk, outlaw country og americana. Musikken til bandet er kjenneteikna av Pettersens ustoppelige stemme, eit fjellstøtt og groovy komp, leiken banjo og virtuos gitarspel.

​

I dag består bandet av Malin Pettersen, Erlend Skullestad Hølland, Even Reinsfelt Krogh, Pål Emil Storm-Berg og Stian Jørgen Sveen (SJ Sveen). I tillegg til sitt virke i Lucky Lips har gjengen spelt og turnert med band og artistar som Amund Maarud, JP Harris, Robert Moses & the Harmony Crusaders, A-11, Katzenjammer, Robert Ellis, Brennen Leigh, Ila Auto, Winding Road, Fat Fred & the Possumhunters, Sweetheart, Lady Friend og mange fleire.

​​​

© 2024 av Kjekt AS (Org. 931 950 576)

bottom of page