ODDNY
Oddny markerte seg i 2023 med låten «Oktober, Bergen by» som i heile 20 veker var A-lista på P1 nasjonalt. I 2024 vann dei Luttprisen i kategorien “Årets nykommar”. Gruppa har fått særleg merksemd for dei karakteristiske tekstane på dialekt, og for å vere eit unikt liveband med ei heilt eigen sceneframferd.
​
Musikken deira kombinerer det vestlandske underfundige med element frå folk, rock og honningsøt pop. Dei syng om tema som mange kjenner seg igjen i, og musikken appellerer til eit breitt spekter av lyttarar og publikummarar.
Bandet har i 2024 spelt ei rekkje utselde konsertar, blant anna i Oslo, Stavanger og Bergen, og blitt booka til fleire bransjefestivalar i 2024 og 2025. Oddny blir omtala som eit vestnorsk unikum med potensiale for å oppnå store ting.
​
Oddny er i framovergir, har planen klar og ny musikk er rett rundt hjørnet!
