top of page

QUIZ MED x2 HOMMEDAL

Quiz med brørne Sturla og Isak Hommedal under Strandablest 2025 vart ein stor suksess med over 80 påmeldte i alle aldrar. Her vart det kniving om flotte gevinstar som festivalmerch, gåvekort på middag og billettar til neste års Strandablest.

 

Spørsmåla spente vidt – frå det heilt store til det passe små, og fekk både latteren og konkurranseinstinktet til å sitje laust i salen.

 

Det tok ikkje lang tid før me skjønte at dette måtte gjentakast, og derfor er quiz med Hommedal-brørne sjølvsagt tilbake under Strandablest 2026.

​

Quizen er gratis og har fri aldersgrense. Velkomen!

© 2024 av Kjekt AS (Org. 931 950 576)

bottom of page